13. mai 2019
Bokdykk til ei canadisk øy
Saknar å lese om Anne og Gilbert, om venane deira, Marilla og Matthew. Berre det å dykke ned i Montgomerys verd ved Avonlea ute på Prince Edward Island, eller endå betre, vere der ute. For på denne tida er det jo nøyaktig eitt år sidan me besøkte øya og Green Gables. Heldigvis har eg framleis nokre bøker skrive av Montgomery på lur. Held for tida på med å lese eit par noveller i Chronicles of Avonlea. Tar meg god tid, og eg kjem nok ikkje til å lese alle bøkene i år. Kanskje kjem eg til å bla i The Landscapes of Anne of Green Gables i sommar når saknet blir for stort. Eg hadde eigentleg tenkt å lese den i fjor sommar, men så ønskte eg å spare den litt til. Uansett, det vil alltid vere viktig for min del å ha ein lesehaug slik at eg veit eg aldri går tom for bøker. Ein gong ein bibliofil, alltid ein bibliofil ;) Nytt skift på onsdag, og med to fridagar blir det ein del lesing.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke