Bøker i sofaen, bøker på nattbordet, bøker i bokhylla. Nokre bøker blir ståande lenge i hylla før eg les dei. Ikkje fordi eg ikkje vil lese dei, men fordi eg ikkje vil dei skal ta slutt. The Landscapes of Anne of Green Gables av Catherine Reid er ei slik bok. Eg såg den då me var i Canada for dryge fire år sidan og sa ganske raskt til mannen min at den boka ville eg ha. Eit par veker etterpå hadde me bryllaupsdag og han hadde kjøpt boka i ein butikk utan at eg hadde sett det. Nyleg blei saknaden etter Canada og aller finaste Prince Edward Island veldig stor, og dimed fann eg fram boka som ei trøyst. Og boka skuffa ikkje! Berre omslaget i seg sjølv, både med og utan det lause omslaget, er himla vakkert. Me finn utdrag frå Anne of Green Gables-bøkene og dagbøkene til Montgomery, og saman med fantastiske bilete og fakta om øya, er dette ei kjempeflott mimre- og landskapsbok.
"And I could once more enjoy the cold pure beauty of the landscape... The snow crackled and snapped under the runners. The sky faded out but the strip of yellow along the west got brighter and fierier, as if all the stray gleams of light were concentrating in one spot, and the long running curves of the distinctness and bare birches hung their slender boughs against the cold with the very perfection of grade." (s. 222, opprinneleg frå The Selected Journals of L. M. Montgomery, vol 1). Og jada, eg ser at boksidene med fyrtårna er med to gongar, men det gjer ingenting: fyrtårn er veldig typisk ute på PEI. Alle dei fine orda som skildrar landskapet, og bileta som gong på gong viser øya akkurat slik eg hugsar den, eg drøymde meg vekk ei stund medan side for side blei snudd ♥
Legg igjen ein fin tanke