For det meste er det lesing det går i når eg skal slappe av, men eg har også eit strikkeprosjekt eller to gåande. Akkurat no held eg på med ein Easy Spring Tee frå easy as knit, hòlmønsteret er enkelt å hugse når ein fyrst kjem i gong, og den byrjar å sjå riktig flott ut. Eg strikkar toppen i ein tråd Belle frå Drops og ein tråd håndfarga mohair frå Unikt Garn, og sistnemnde er det same garnet og den same fargen som då eg strikka denne lune genseren – eg hadde nemleg to hesper liggjande i garnskuffa mi. Ved å bytte hovudfargen, får den eit anna uttrykk, og sjølv om mohairen hadde vore meir tydeleg om hovudfargen hadde vore endå lysare, synest eg det er ein stilig kombinasjon.
9. sep. 2025
Mjuk og lett garnkombinasjon

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke