Sol, solstrålar, morgonsol og kveldssol. Veka veldig kort oppsummert, for septembersola har verkeleg vist seg frå si aller beste side her i byen dei siste dagane. Både spasering og sykling til og frå jobb har fått meg til å smile, og sjølv om det har vore mykje å gjere på jobb (det er sjeldan me har så mange esker og pallar med varer inne i butikken på ei og same tid), har eg klart å glede meg over finvêret. Lesinga har eg også funne mykje glede i – eg har lese fleire gode og kjekke bøker i det siste – og no i helga har me komme eit godt stykke vidare på pakkinga. Me har også slappa av med flytetanktime, kjekk film, og tidlegare i dag gjekk eg ein liten tur rundt Mosvatnet med ei av mine beste veninner (med ein kaffipause ved kunstmuseet). Praten gjekk i eitt og det var eit par timar i eit veldig godt selskap, set utruleg pris på slike stunder. Apropos fine og kjekke stunder:
✦ nyleg las eg ut klassikaren Alice in Wonderland, og omslaget på boka er så vakkert
✦ kaffi og noko attåt på kunstmuseet med ei god veninne
✦ fuglesong på veg til jobb
✦ Miranda er ute med boka si, og i denne videoen får me eit lite glimt av boklanseringa
✦ Studio Ghibli-filmen My Neighbor Totoro, kjekt å sjå den om igjen!
✦ fortsetje å pakke ned tinga våre i flytteesker
✦ ordentleg fin pelsdott
✦ Studio Ghibli-filmen My Neighbor Totoro, kjekt å sjå den om igjen!
✦ fortsetje å pakke ned tinga våre i flytteesker
✦ ordentleg fin pelsdott
✦ fargerike motiv i øvingslokalet der me øver med orkesteret
✦ morgonsola ved jobb
✦ Édouard Louis skriv så himla skarpt og godt, og Kollaps var tøff lesing
✦ Lucy sine papirkreasjonar er heilt unike og nesten magiske
✦ slappe av med parflyt i ein flytetank hos Jæren flytesenter
✦ lesing på veg til jobb med haustfargane som har byrja å poppe fram
✦ etter ein regntung måndag, gjorde det ekstra godt med ein solfylt tysdag
✦ etter ein regntung måndag, gjorde det ekstra godt med ein solfylt tysdag
✦ å, hallo, sjå desse små, supernusselege pusane som får helse på ein kjempesnill hund
✦ balkonglesing om ettermiddagane
✦ og før kaffidate på kunstmuseet: herleg luftetur med ho veninna mi
✦ for nokre solnedgangar me har fått oppleve i september – trass regntunge dagar
✦ heimelaga latte og bok nr. seks i krimserien Shetland med Jimmy Perez i spissen


Legg igjen ein fin tanke