Strålande sol både i går og i dag. I går var det jo sundag og fri, og me sykla til Stokkavatnet der me drog fram piknikteppet. Me var til og med så ivrige på å komme oss ut i finvêret at me gløymde bøkene våre, men, men – me slappa av lell med kaffi i kvar vår fine emaljekopp og noko søtt attåt. Sola i andletet i september, me kan ikkje klage. Me var ikkje lenge ute, det blei berre ein liten tur denne gongen, med litt vind i håret og smuler på teppet, men sjølv om det "berre" var ein minipiknik, var det akkurat det me trong etter ein jobblaurdag og før ei ny veke starta.
Legg igjen ein fin tanke