Sidan 2019 har det vore eit lite vertshus i dette gamle skulebygget frå ca. 1870, og det var altså ved The Old School House i Haltwhistle at me overnatta den fyrste natta i Northumberland. Kate og Ian er utruleg hyggelege, og me kjente oss velkomne med ein gong me kom inn døra. Vertshuset har berre fem soverom, så særskilt stort er det ikkje, men for ein superkoseleg plass! Oppe på rommet, stod det god, heimelaga appelsinkake då me kom, og me laga oss te ved sidan av. Frukosten dagen etterpå kunne me heller ikkje klage på: me bestilte frå ein meny det me ville ha, og så stod dei og laga det medan me prata me eit par av dei andre som budde der. For sjølv om ein skriv seg på frukostlista slik at ikkje alle må ha mat samstundes, ender ein med å sitje litt i lag med dei andre, og i dette huset var det heilt naturleg å slå av ein prat, sjølv for oss introverte nordmenn.
Rommet me budde på var flott, men det som var det aller beste med The Old School House, var den koselege fellesstova som ein møtte med ein gong ein gjekk inn hovuddøra. Altså, dei låge, fine bokhyllene fulle av turbøker for området, lenestolane, den store peisen og berre heile stilen og atmosfæren. Etter å ha gått litt rundt i landsbyen, kjøpte me med oss litt mat, åt den ved matbordet, og resten av kvelden sat me i stova og las (eg las i ei Vera-bok, for det må ein jo i dette området). Slik såg vår fyrste kveld i Northumberland ut, ein avslappa kveld i eit gammalt skulebygg.



Legg igjen ein fin tanke