21. sep. 2025

Lånt jord på stormfulle høgder






Når me ikkje er på jobb eller speler med orkesteret eller les eller liknande, pakkar me tinga våre ned i esker. Rart å sjå kor tomt det byrjar å bli her i leilegheita. Me skal jo bu her i ein god månad til, så det er jo om å gjere å ikkje la det bli heilt tomt slik at det er ukoseleg å vere her. Men oktober kjem til å gå fort, og dimed bør me jo ha ein viss pakkeprogresjon ;) Fint å senke skuldrene med lesestundar ute på balkongen, gå eller sykle til jobb og sundagsmiddag heime på Sola. Måndag var tung, det skjedde mykje rart på jobb, men det kom seg heldigvis utover veka. Og så er ei ny veke i gong igjen i morgon. Som vanleg har eg lese fleire gode bøker, funne glede i det eg ser ute og endå litt meir:
 
✦ som eg koser meg med å lese klassikarar, den siste ut var Wuthering Heights av Emily Brontë
✦ tenk at me to kveldar har hatt lesestund ute på balkongen med lys i lanternene
✦ Scott Prestons Lånt jord var ei så bra og røff bok om munn- og klovjsuka i Cumbria på 2000-talet
✦ sesong fem av Slow Horses er snart ute, og den høyrest veldig bra ut!
✦ komlemiddag og heimelaga is på Sola no i ettermiddag
✦ og det var gøy å spele eit lite slag "UNO Flip" før me drog heim
✦ sjå resten av Last Night of the Proms medan me pakka eit par esker 
✦ på veg til orkesterøvinga på tysdag, fekk eg sjå eit heilt magisk kveldslys gjennom bilruta
✦ litt artig å lese boka How to be Norwegian av Lorelou Desjardins 
✦ medan eg småpakkar, er det kjekt å høyre Leseklubbens podcast med Markens grøde
✦ gul og liten grøftekantsbukett
✦ høyre på lydbok medan eg vaska golvet på jobb
✦ ei kjekk tysdagsøving i lag med dei andre i orkesteret
✦ sjølv om me ikkje har plass til mange bokhyller, er det noko ved det å hente inspirasjon
✦ å høyre "Unchained Melody" på radioen ein morgon
✦ alltid kjekt å prise klassikarar, til dømes både Dracula og The Count of Monte Cristo
✦ få flott skryt frå ein eldre kunde som sjølv har stått bak disk i fleire år
✦ å, berre sjå kor liten denne pusen er og kor snill hunden er med den 
✦ surdeigspizza 
✦ veit ikkje om eg liker at det blir mørkare om kvelden, men litt stemning med lys i lyktestolpen
✦ stikke innom bruktbutikken Røverkjøp
✦ heimelaga latte og bok nr. to i serien om inspektør Morse og Lewis: Last Seen Wearing

Legg igjen ein fin tanke