26. sep. 2025

Langs Hadrian's Wall





Hadrian's Wall, eller Hadrians mur på norsk. Muren blei bygga av romarane i tidsommet 122-128, og var på den tida grensa mellom den romerske provinsen Britannia og riket til piktarane, ei folkegruppe i det som no er Skottland. Muren var 117 kilometer, og sjølv om mykje av den ikkje finst lenger, er det andre delar som er godt bevart. Frå 1987 er den ein del av UNESCOs verdsarvliste. Ganske tidleg langs ruta me gjekk, møtte me fine kyr som nesten kom bort og sa "hei" til oss. 
 




Storslått syn å sjå muren berre fortsetje og fortsetje og fortsetje. Ruinane etter eit fort fekk me også auge på, verre var det med det kjente Sycamore Gap Tree. I 2023 blei det nemleg ulovleg felt, og det er no berre stubben som står igjen. Heldigvis har det etter kvart byrja å gro (men nei, det er ikkje det lille treet eg har tatt bilete av rett i nærleiken, så fort gror det nok ikkje dessverre). Både kantete og bratte fjellveggar og mjuke og fine sauar – det er i alle fall ikkje mangel på sauar i dette området ;)
 




På veg tilbake, gjekk me ein litt annan veg slik at i staden for å gå tett langs sjølve muren, gjekk me på grøne jorde og såg muren på avstand; ruta var så å seie ein slags rundtur. Rart å sjå kor liten muren blei då me stod på det eine jordet og såg opp på fjellryggen. Små blomar overalt, ei lita kråke sat på eit steingjerde og følgde med og sauane låg og slappa av. Til saman gjekk me dryge sju kilometer før me kom tilbake til parkeringa, ein god og historisk gåtur i nordengelsk landskap.

Legg igjen ein fin tanke