5. sep. 2025

Nesten som to musikalar



På dagen eitt år sidan sist me var ved Barbican, var me der igjen. Eg snakkar jo ikkje om i dag, men ein laurdag i juli då me hadde tatt toget frå Aachen til Brussel og så til London. Budde på det same hotellet som i fjor (vanedyr eller kva?!), og etter å ha lagt frå oss tinga våre, tok me tuben til Barbican. Fakttisk tredje gong på rad at me såg ein musikal akkurat der. Trass noko regn i lufta, knipsa eg eit par bilete av området ute, for betongbrualismen lenge leve. Vel, det er jo mykje grått når det er snakk om akkurat denne stilarten, men samstundes er det noko stilig ved det lell.




Åt ein god middag ute under ein parasoll – det var ganske varmt i lufta sjølv om det draup frå himmelen – og jaggu meg rakk me å sjå klassikaren Fiddler on the Roof. Siste forestilling var nemleg akkurat den laurdagen! Latteren sat laust (Tevye som heile vegen kjem med vittige tankar og kommentarar og bryt den fjerde veggen) samstundes som det alvorlege bakteppet med jødeutdriving var sterkt til stades, og i våre auge var dette nok ei heilstøypt forestilling på Barbican.



Dagen etterpå, traska me litt rundt i byen (mellom anna stod forskjellige bokhandlarar på planen) og klokka to var me klare til å sjå ei ny forestilling, denne gongen ved Gillian Lynne Theatre. Ordentleg gøy å få med oss sceneversjonen av My Neighbour Totoro. Me har jo begge sett filmen og lese boka, så me gleda oss. Effektane var stilige – særskilt kattebussen og ikkje minst korleis dei hadde fått til sjølvaste Totoro (ei svær dokke som blei styrt av fleire personar, var så mykje betre enn skildringa mi) – og musikken til Joe Hisashi var som vanleg ein fryd å høyre på. Som hobbymusikar, var det i tillegg artig å sjå at orkesteret sat på forskjellige "greiner" i "trea" medan dei spelte, ganske kreativt. Forestillinga er ikkje ein rein musikal, derav tittelen, men den har mykje musikk og fleire songar med tekst, så eg syntest det blei som ein liten musikal lell. I fjor blei det heile tre musikalar i London, i år "berre" to forestillingar, men til gjengjeld var det to supre forestillingar. Og eg skal ikkje klage, for eg har framleis til gode å sjå eit par musikalar her til lands før året er omme.

Legg igjen ein fin tanke