12. sep. 2025

Slike bokhandlarar 📚🤎📚



Kjensla av å komme inn i ein butikk der ein med ein gong kjenner seg heime, kjenner eg ofte når me besøker bokhandlarar, og det er noko med dufta av gamle bøker når ein stikk innom ein bruktbokhandel. Før me skulle sjå My Neighbour Totoro på teateret i London, hadde me sett oss ut nokre plassar me ville besøke. Fyrste stopp var Scoob Books med godt brukte Penguin-klassikarar på rekkje og rad, eg såg ei bok av L. M. Montgomery, og det var stas å berre gå rundt og titte.
 



Avstandane er store i London, og det blei mykje trasking på oss ;) Walden Books, ikkje så langt unna Camden Market, var neste stopp. Altså, sjekk ut skiltet og inngangspartiet! Viss nokon lurer: det finst mange lister på nettet som ramsar opp bokhandlarar i London som ein  berre må besøke, men det me gjorde, var å titte gjennom boka London Bookshops som me kjøpte på Daunt Books i fjor for å finne inspirasjon. Gøy å gjere det på "gamlemåten". Walden Books har fleire skap fulle av sjeldne bøker, noko som alltid er like fascinerande. Besøkte også Magma Books før teaterforestillinga, og etterpå stakk me tilfeldigvis innom kaféen Drury 188-189, den beste kaféen i Covent Garden (og London) med tanke på meldingane frå kundar via TripAdvisor. Knallgodt ostekakestykke på deling, cappuccino og kvar vår bok. Ved nabobordet sat eit anna par og las, også dei i kvar si bok, noko som var veldig kjekt å sjå. Ei tipp topp avslutning på ein sundag i Englands hovudstad.

Legg igjen ein fin tanke