Trass noko bråkete medpassasjerar, var turen frå London til Newcastle heilt grei, skal ikkje klage på å vere framme etter dryge tre timar når distansen er ca. 450 kilometer. Åkrar og generelt landleg landskap, eg såg rådyr og las mykje. Me var framme i Newcastle halv eitt, og der hadde me bestilt leigebil (som du ser er det eine lille biletet tatt ut frå leigebilvindauget og ikkje togruta). Tok litt tid å få utdelt leigebilen, men til slutt var me av garde, og neste mål var Northumberland og Haltwhistle
Planen var eigentleg å gå langs Hadrian's Wall den ettermiddagen, men vêrmeldinga sa regn, ja, til og med lyn og torden utover kvelden, så me valde å ta gåturen dagen etterpå. Litt av grunnen til at me skulle overnatte i Haltwhistle, var nettopp det at landsbyen ligg nær muren. Men kanskje den største grunnen var at me hadde sett oss ut ein overnattingsplass som har ti av ti stjerner på hotels.com og fem av fem på Google Maps, meir om den i eit eiga innlegg. I staden for å gå tur på heia, gjekk me langs gatene i landsbyen. Fargerike vimplar, fine bruer, ein koseleg togstasjon og ein knallraud postboks. Rett ved sidan av låg Haltwhistle Makers Market & Craft Emporium (dei har no i haust fått nytt namn, logo og utsjånad, men skal ha nokonlunde dei same flotte varene), og der inne var det mykje forskjellig som lokale utstillarar hadde laga. Me fann og kjøpte med oss ei lite sauebilete i ull, den perfekte lille suveniren frå eit saueområde som Northumberland.

Legg igjen ein fin tanke