14. sep. 2025

Skiftande ute






Veit at det blir ein del snakk om vêret, men denne veka har det verkeleg vore av og på. Ja, så seint som i dag var det knallsol ute medan det bøtta ned. Og slik har det stort sett vore gjennom heile veka, av og på, av og på. Til dømes gjekk eg til jobb på tysdag, og på veg ut av butikken (eg handla litt middag), måtte eg ta på meg regnbuksa sidan det plutseleg byrja å regne der det rett før var sol. Stavangerhausten er i gong. Tur med ei veninne, to vanlege og to ganske travle dagar på jobb, litt flytteplanlegging og ei veke med Zalo i hus. Lesestundar har vore viktig for å senke tempoet litt. Og vel, det var vel eigentleg det heile eg hadde å skrive om dei siste sju dagane:
 
kanskje ikkje like bra bokbilete som førre gong, men gøy å gjenlese Den forsvunne domprost
torsdagens årsdagens dramatiske kveldslys over naboblokka
å gå ein runde rundt Mosvatnet i lag med ei god veninne trass regnvêr
Olive er så himla lik Oreo, og begge like artige 
signere bankdokumentar
kjekk orkesterøving sjølv om det innimellom blir mykje telling av pausar
tihi, ler like mykje av Zalo kvar gong han er på besøk!
for ein fin artikkel om piggsvin og Pinnsvinhjelpen, særskilt fordi me nyleg sjølv trong piggsvinråd
laurdagstaco medan me såg ferdig filmklassikaren Sunset Boulevard
kakao etter ein litt rolsete fredag på jobb 
regndropar på ein raudoransje blome
David Attenborough og Colin Butfield har med Havet skrive både ei viktig og oppløftande bok
høyre siste del av Leseklubbens podcast med boka Den store Gatsby
skuggespel medan eg traska til jobb med lesebrettet i handa
om alle bøkene hadde hatt slike vakre, fargerike boksider
prate med ein kunde om forfattarane Rebanks og Cognetti
Jennifer N. R. Smiths flotte illustrasjonar frå boka Havet
"Send in the Clowns" på radioen ein morgon
trur eg må ønskje meg Mirandas bok til jul, og det var kjekt med signeringsvloggen frå London
litt vanskeleg å sjå på biletet, men kult å sjå fuglane på rekkje rad på ei heisekran
strikkeprosjektet eg er i gong med
Lars Elling skriv utruleg bra, og Nei, dette husker vi, hans nyaste bok, var ein fryd å lese

Legg igjen ein fin tanke