Lille Pippin. I litt over ei veke, hadde me dette søte vesenet buande hos oss i ei stor pappeske inne på gjesterommet. Min betre halvdel fann piggsvinet liggjande aleine ute på graset på dagtid, og ofte når dei ligg stille sånn midt på dagen, er det noko gale. Etter ei lita stund, gjekk mannen min tilbake for å sjå etter piggsvinet, og det låg framleis heilt stille. Då må ein ta det med seg for å prøve å finne kva som er i vegen. Som sagt, så gjort. Pinnsvinhjelpen hadde fulle hus, men gav oss råd til kva me kunne gjere for å hjelpe piggsvinungen. Å, han var så sulten og åt mykje dei fyrste dagane!
Piggsvin er søte dyr, ja, så søte er dei at me her heime har eit par piggsvinpyntegjenstandar (og eg har eit piggsvinsmykke). Det aller raraste var at den dagen mannen min fann Pippin i graset, fekk eg minne om at eg for akkurat eitt år sidan la ut bilete av den fyrste boka i Hedgehog Hollow-serien. Pippin la på seg dei fyrste dagane, laga hi med graset, pinnane og avispapiret me hadde putta opp i pappeska og var rask på føtene då me om kveldane lot han få komme ut av eska og ut på golvet medan me gjorde reint. Men etter kvart blei han ikkje særskilt tyngre, og han sleit med både store flått og augeverk. Dimed ringte me ei dame som har fleire piggsvin heime og generelt meir erfaring slik at han kunne få komme dit og kanskje bli både betre og større. Trass at me ikkje fekk sette han ut i naturen igjen, var det fint å ha denne lille søtnosen hos oss for ei dryg veke. Og det blir garantert ein piggsvinvenleg hage når me etter kvart flyttar til ein bustad med grøn plenflekk.


Legg igjen ein fin tanke