10. mai 2023

Lun genser




Gult er alltid kult! Etter at mamma strikka ein genser til meg for ikkje så altfor lenge sidan, var det framleis mykje garn igjen. Merino Tweed frå Pickles er eit tynt, fint garn med nydeleg fargespel, og eg kunne ikkje berre lag garnet liggje. I lag med ein tråd mohair frå Unikt Garn, fekk eg ein dæsj av kvitt, raudrosa og brunt, og eg berre diggar alle desse fargane i lag. Genseren er strikka etter denne oppskrifta, og denne er akkurat passe lun og god. Og rillestrikket på erma er i tillegg innmari stilig!

Legg igjen ein fin tanke