1. september og haust. Måndag er det også, og det er inga overrasking at det regnar ute. Ein blåmåndag. Men det var ikkje måndag då me drog vidare på interrailturen vår i sommar, det var laurdag. Dagen etter turen til Maastricht, var det ein ny togdag Me drog frå Aachen halv elleve, og fyrste stopp var Brussel. Der hadde me god tid før neste tog skulle ta oss med under kanalen, for målet for dagen var London. På Eurostar-terminalen i Brussel, fann eg også i år eit tydeleg bevis på at me var i Belgia (du veit, teikneserien Tintin er skapt av belgiske Georges Remi under pseudonymet Hergé). Langs ruta var det både urbant og ruralt landskap (sjå alle dei høyballane), og eg må seie det var artig å knipse eit bilete med mobilen rett før me køyrde inn i kanaltunnelen. St Pancras railway station, ofte berre St Pancras International, er framleis ein ganske stilig bygning, og på denne grå måndagen, lengtar eg litt ekstra tilbake til sol, sommar og ferie i England.
1. sep. 2025
Aachen-Brussel-London

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke