Som vanleg fann eg fleire flotte postkort og pins då me var på ferie i sommar, i tillegg til eit par andre suvenirar. Noko er allereie pakka ned i esker, og eg gleder meg til å pakke opp og finne plass til dei i lag med andre små suvenirar (me har til dømes ei fin settekasse som eg håper me får opp på veggen i den nye heimen). Fuglesmykket har eg brukt eit par gongar på jobb og fått skryt for, så det er blitt ein ny favoritt, og det sekskanta armbandet er superstilig. To sokkepar, eit med lundefuglar og eit med raudstrupar, har eg også tatt i bruk, det same med dei fargerike øyredobbane laga av taguanøtt. Eplet er av padauktre og er forma av ein tredreiar ved Batsford Arboretum. I år som i fjor, fann eg ein liten haug med bøker som fekk bli med heim i bagasjen, mellom anna fjerde bok om inspektør Morse og eit par gode klassikarar. Den gule boka er ei Maigret-bok av Georges Simenon, og den fann eg på eit superkult antikvariat! Rett og slett gode minne frå ein kjempekjekk ferie!
24. sep. 2025
Bokminne og andre suvenirar

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke