Den sjuande dagen i veka og den sjuande dagen i månaden. Hausten er her, og eg veit ikkje heilt kva eg synest om det. Om ikkje anna har det i helga vore meir sommar enn haust, så litt kjipt å jobbe i går medan sola skein som berre det ute. Men sat ute på balkongen ei lita stund før middagen i går, og i dag sykla me oss ein liten tur og tok ein pause med kaffi og noko attåt på piknikteppet. På onsdag var det mildt regnvêr, likevel traska eg til jobb. For min del er det noko med ein liten gåtur som alltid gjer godt. Og så klart lesing, for midt i pakking av flytteesker, prioriterer eg også det å lese. Lesehaugen blir aldri mindre veit du, tihi. Rart å sjå at bokhylla blir tomamre og tommare etter kvart som me pakkar ned i esker. No er det vel på tide å poste eit blogginnlegg og sidan ta kvelden:
✦ Janne Stigen Drangsholt skriv kort og vittig om sekstiseks forskjellige klassikarar
✦ små blomar i ein liten haug
✦ nyperosedufta i mildt septemberregn
✦ balkonglesing i nærmare tjue gradar i går ettermiddag
✦ i denne lista var det mange kule, flotte og rare plassar, alt på vår unike klode
✦ morgonhimmelen tidleg fredag
✦ ein bestemt pus då eg traska til jobb ein av dagane
✦ The Green Village Bookshop, bok nummer to i ein superkoseleg serie
✦ tihi, så artig at denne fine pusen er med på å lage keramikkgjenstandar
✦ alltid kjekt når me får inn nydeleg utgåver av klassikarar, til dømes Sense and Sensibility
✦ eit lite minne om ein piggete ven som laga seg hi og sov godt
✦ flott å sjå at nokon flaggar med regnbogeflagget no når det er skeive dagar her i byen
✦ Synne og mannen hennar har flytta til München for eit år, og dette flotte innlegget viser nabolaget
✦ gøy å vere i gong med ny orkestersesong
✦ stilig bil (som til og med eg kan seie sjølv om eg ikkje er veldig interessert i bil)
✦ smakte godt med heimelaga surdeigspizza etter jobblaurdag
✦ Anna Lapwood speler "Chevaliers de Sangreal" frå Da Vinci-koden på orgel
✦ sykle til Stokkavatnet for ein liten piknik
✦ prate med ei veninne som stakk innom jobben tidleg i veka
✦ Liz Moores Guden over skogene var eit spennande familiedrama
✦ sende meldingar fram og tilbake med ei god veninne som bur eit stykke unna


Legg igjen ein fin tanke