10. des. 2023

Musikalnytt midt i ei travel veke




Dagane denne veka har gått superfort, for nærmare åtte timar bak kassa i løpet av ein dag på Norli no når jula nærmar seg, det er travelt. Heldigvis er dei fleste kundane veldig hyggelege og det er kjekt å kunne hjelpe dei med å finne gode bokgåver til jul. Vel heime om kveldane har eg lese ein god del, skrive eit par julekort (har framleis nokre igjen å skrive, altså) og høyrt masse på julemusikk. På veg heim frå jobb på fredag, sat eg nesten å hoppa og grein i bussetet – av glede – på grunn av ein musikalnyheit. Den kan du lese om i lista under, tihi. Jobba i går, medan eg hadde fri i dag. Sundagskjensla med bok og kaffi, litt julekakebaking og strikking, akkurat passe andre sundag i advent. Skal avslutte her no, for før me sovnar, berre må eg lese eit par sider. Vekas liste kjem no:
 
gøy å lese Hercule Poirot's Silent Night av Sophie Hannah
snøroser på vindauget tidleg denne veka 
nyaste boka (på norsk) frå Jojo Moyes, Toner i natten, var litt vel dramatisk, men også kjekk
tuba, nissar og Tøflus i vindauget hos Byens Skomaker
to kundar som skraut av nuperellesmykket mitt og ei anna som gav meg ein klem for god service
Stavanger i blåtimen i desember med ordentleg koselege, lysande skilt
alltid hygge med lesing på kafé 
hallo, Bami og Dami er superskjønne også når dei søv
spele "Bezzeerwizzer" etter pizza og laurdagsfilm
så gøy å sjå klassikaren The Adventures of Robin Hood frå 1938 
"Walking in the Air" med Aled Jones og Malakai Bayoh
ååå, måndag med stripar av og sol inn i vår julepynta stove
lange skuggar på ein vegg midt i sentrum
juleboka One More Christmas at the Castle, ikkje min favoritt, men eg likte konseptet
uansett kva tid på året, er det alltid koseleg å møte ein katt på tur 
for alle musikalelskarar: Musikalfest med KORK
og apropos musikalar: Scenekvelder skal setje opp Jesus Christ Superstar neste år!
min nye Collett Sweater i ein heilt kul og knallsterk farge
Maru er jo den "løgnaste" katten av dei alle
skal ærleg innrømme at snøen lyser opp så fint, så fint 
framleis nøgd med juleflaska med lys i, og dette julepynta bordet i gangen vår er akkurat passe :)

Legg igjen ein fin tanke