17. des. 2023

Julebøker, julekaker og kjærastekveld









Skjønner ikkje heilt at me er over midtvegs i desember allereie. Fem dagar på jobb også denne veka, mellom anna med nok ein jobblaurdag. Timane i går gjekk superfort trass to system som ikkje fungerte slik dei skulle. Eg har prøvd å setje av ein del tid til lesing kvar dag, og det gjer godt etter ein jobbdag i kassa på Norli. Dei fleste julekorta er skrivne og sende av garde med posten, me har feira femten år som kjærastar, vore på både restaurant og kino, fått fiksa neste års budsjett for orkesteret og i dag blei det den store julekakebakedagen. Superkoseleg å bake hos pantertante på Jørpeland med både to- og firbeinte venar. Aller fyrst i dag var det stearinlys, lesing og kaffi i vårt fine juleservise. Tredje sundag i advent er nesten, nesten over. Mi veke såg slik ut:
 
medan det bøtta ned ute i dag tidleg, fann me hygga i å lese, drikke kaffi og tenne stearinlys 
Mandy Baggots julebøker er ein sikker vinnar, og Wishing on a Star var akkurat passe søt
småhumrar av handflateorgelmusikk i UiS sin "Skolelabens joulekalender"
lesetid på bussen til og frå jobb
"Den siste sola" – vakre og magiske bilete med sollys og snø inne hos Et katteliv
orkesterets daglege leiar, mannen min og eg fiksa neste års budsjett, og det gjekk ganske greitt 
likte veldig godt boka Christmas at the Cat Café av Jessica Redland (ho skriv så herlege julebøker)
liten fuglesamling på gamle boksider, dette var ordentleg fint
julekakebakedag i lag med ein god gjeng
bøker og sommarfuglar på ein vegg på UiS 
Bami og Dami som mjauar forskjellig i forskjellige kontekstar, og dei er stadig like nusselege
seinmorgonhimmelen ein av dagane på veg til jobb var så lys og fin
ete knallgod mat på Gådjå tysdagsettermiddag
etter restaurantbesøket såg me Studio Ghibli-filmen Gutten og hegren på kino 
førre veke var det musikalnytt, denne veka TV-serienytt: det kjem ein siste sesong av Good Omens
og her kan du sjå eit morosamt Good Omens-intervju med David Tennant og Michael Sheen
framleis ordentleg gira fordi Scenekvelder skal setje opp kulaste Jesus Christ Superstar
feire femten flotte år som kjærastar! 
tekstilkunstnaren Vanessa Barragão lager kjempekule og fargerike veggteppekreasjonar
og endå ei kattejulebok: The Cat of Yule Cottage av Lili Hayward
søt julekrans på eit konditori i nabolaget
årets siste Christie-bok blei Miss Marples siste sak

Legg igjen ein fin tanke