20. des. 2023

Lysande bysentrum




Stavanger sentrum no i desember, heilt enkel kvardagsglede. Lys og vinterstemning over heile byen, og det gjer ingenting å måtte vente ti minuttar før eg kjem meg inn på jobb. Plassen foran biblioteket med lyslenkjer på det store treet, eit ordentleg Skomaker Andersen-vindauge hos Byens Skomaker (til og med tubaen får vere med) og alle dei koselege skilta med titlar henta frå Stavanger-historiene til Ajax. "Håler i himmelen", "Di små armane" og "Englar på tage" er berre nokre av historiene, mange av dei høyrde me på lydbok som adventskalender for fem år sidan. Og så Fargegaten med sitt teppe av fleirfarga lys rett over hovudet, byen blir liksom litt ekstra lun og koseleg.

Legg igjen ein fin tanke