27. des. 2023

Glimt frå våre juledagar


Klokka åtte i dag tidleg var eg på plass på jobb. Berre tre dagar ferie denne jula, men det er slik det er av og til. Om ikkje anna hadde me nokre avslappande dagar heime på Sola i lag med familien før me drog heim i går. Lille julaftan åt me graut (broremann fann mandelen) og pynta treet. Mummi-julekula og den der rarsøte ugla måtte jo vere med på treet. Drog heim om kvelden og starta julaftan heime under dyna i lag med mannen min, kvar vår bok, kaffi og ein liten julekake. Askepott fekk prinsen og Sonja fann vegen til julestjerna i år også. Utpå dagen var det på med julekjolen, inspirert av kjolen Ali MacGraw hadde i filmen Love Story, henta broren min og køyrde saman til Sola.





Bordet var julepynta, mellom anna med nokre knallflotte smellbonbonar frå Morris & Co, og nokre kjempesøte nisselys. I år var julemiddagen kalkun, ein ny variant for vår del, men det var i alle fall noko alle likte i staden for å lage både ribbe og pinnekjøt. Desserten var derimot den same: risgraut. Med heimelaga bringebærsaus, nam! Zalo og Balto var også med på feiringa, fyrstnemnde ofte høgt oppe for å ha oversikta, og det var artig å sjå kor gira Balto var på å opne si eiga gåve.    










Kaffi frå eit nesten hundre år gammalt servise og den finaste juleduken. Eit fat med julekaker og nokre timar med gåveopning. Eg kan ikkje anna enn å seie at me er heldige. Heldige som har mat og varme, som har kvarandre, som har moglegheit til å gi. Takksam. Og smiler av Balto som var pynta med raud julesløyfe og ler av alt det rare som blei teikna då me spelte "Ryktet går" ein av dagane. Juledagsmorgon var treig med lesing før frukosten, og der var det jaggu meg noko for alle og ein kvar. Tihi, Zalo ville også ha frukost og nåtte prøvesmake det varme brødet. Nok ein roleg dag i går før me åt god middag og spelte spel i lag med familien min, pantertante og hennar kjæraste på Bogafjell. Ny jobbdag i morgon, dette var små glimt frå vår julefeiring her på Sørvestlandet.

Legg igjen ein fin tanke