8. des. 2023

Kul og knallknæsj genser 💚


Prioriterer fyrst og fremst lesing når eg har ledig tid, men eg får no også strikka litt innimellom. Strikkar framleis på Markablusen, og det er kjekt og avslappande å strikke eit par omgangar når eg ser Snøfall. Bileta over viser min andre Collett Sweater som eg blei ferdig for ikkje lenge sidan. Elskar fargen, ein knæsj mintgrøn tone som kan minne om steinen krysopras. Passforma både på genserversjonen og den korterma versjonen er heilt fantastisk, og eg har rett og slett blitt ordentleg glad i oppskrifta. Kanskje må eg strikke enno ein, men denne gongen i fleire fargar?! Tihi, eg får vel uansett  bli ferdig med den eg held på med fyrst før eg byrjar på eit nytt strikkeprosjekt ;) 

Legg igjen ein fin tanke