18. des. 2023

Julekakebakesundag


Årets julekakebakeverkstad gjekk føre seg på Jørpeland i går. Pantertante inviterte til storbaking, og søskenbarna våre var også på besøk. Kakemenn, vaniljeplettar, marsipan og ikkje minst dei alltid knallgode sjokoladestengene stod på planen. Tihi, det gjekk såpass unna at eg gløymde å ta bilete av sluttresultatet ;) Så klart blei det litt prøvesmaking undervegs (les: svinn), jo fleire kokkar blei berre litt meir søl, og før me drog heim, åt me alle pizza frå Pizzabakeren – middag måtte me jo ha. Takk for hyggelege timar, det var ein ordentleg kjekk julekakebakesundag i lag med dykk finingar!

Legg igjen ein fin tanke