11. des. 2023

Isroser






Snøen er borte, gradestokken viser fire varme, stor kontrast frå ni kalde. Ingen snøroser på vindauget heller. Førre veke hadde me begge delar, og sjølv eg som ikkje er verdas største snøfan, såg det fine med både snøen og isrosene. Snøen som lyste opp landskapet, isrosene som små blomar på glaset. Sånt som får meg til å smile, kvardagsglede. Adventsstaken skaper eit mjukt lys inne på kjøkkenet, og eg er glad for at den kan få stå gjennom heile desember. Frimåndag for min del. Fleire julekort er ferdige, eg har lese og tatt nokre bokbilete. Sånn sett ein grei start på veka.

Legg igjen ein fin tanke