Mykje å dele i denne vekas sundagsliste. Veka har gått fort, slik som mange av vekene har gjort denne hausten. Eg har no likevel fått tid til å lese mykje, og det er noko med det å lese som gjer at eg senker skuldrene, slappar ordentleg av, til og med når det regnar som verst ute. For eg er ikkje den som alltid klarer å slappe av når det stormar ute – eg synest det er ufyseleg og kjenner at eg nærmast hutrar. Det har vore slik nokre av dei siste dagane, men i dag var det sol og blå himmel (og sjølv med litt forkjøling på oss begge, kom me oss ut ein liten tur). Dei neste dagane kjem til å gå i eitt med blant anna orkesterøving, jobb og quizkveld. Men no over til alle dei fine punkta på lista:
✦ roleg morgon midt i veka: bok, kaffi og P9 Retro på radioen
✦ denne videosnutten: "Harry Potter group chat"
✦ og endå meir HP: ein liten video som viser nokre av dei nydelege illustrasjonane i den illustrerte versjonen av boka Fantastic Beasts & Where To Find Them
✦ liten sundagstur rundt Vannassen i herleg solskin
✦ rørande bok skriven av Lars Ove Seljestad
✦ ønskjer å besøke Leadenhall Market i London når eg ser dette blogginnlegget hos Synne
✦ og det same med Island og Skorradalur når Anna Mariá deler så vakre bilete
✦ få unnagjort endå eit par julegåver
✦ regnboge midt i sentrum på veg heim frå jobb
✦ omtrent på den same plassen: det store og flotte treet med knallgule haustblad
✦"Ligger an til å bli en av tidenes musikalsuksesser" – me snakkar om Book of Mormon
✦ genser funne på loftet på Sola, nuperellesmykke laga av pantertante og store julelys på jobb
✦ feire farsdagen med god middag heime hos mamma og pappa
✦ følgje linjeturane til Bømlo folkehøgskule (tenk: heile åtte år sidan eg sjølv var ute på tur)
✦ er godt i gong med å lese den fyrste Anne-boka på engelsk og har ganske lyst til å oppleve dette
✦ at det framleis er knallsterke haustfargar å finne ute i naturen
✦ smakte ypperleg med heimelaga kaffe latte medan eg las i den søte boka Paris er alltid en god idé
Legg igjen ein fin tanke