3. des. 2023

Det byrjar å minne om jul








Kvitt på hustaka og på bakken akkurat no, for i går byrja det å snø. Vel, eg er ikkje den største fanen av snø, likevel skjønner til og med eg at det blir jo lysare ute, og enn så lenge ligg det ikkje tjukt slik at det blir vanskeleg å komme seg fram. Forkjølinga byrjar å sleppe taket, men framleis litt harking og tett nase. Langvarig har det no vore sjølv om ingen av oss har lege slak med feber eller slikt. Tidlegare i veka var det godt under null gradar, og eg måtte ha på meg godt med ull for å kunne gå ute. Men hallo, med den sola berre måtte eg ut på ein lengre spasertur på torsdag, og det var heilt fantastisk. Solstrålar, pynte litt til jul, fleire bra bøker, liten laurdagsutflukt og noko godt attåt sundagskaffien. Seinare i kveld skal me spele årets siste konsert med orkesteret, trur det blir ein fin kveld. No er det meir lesing medan eg høyrer på julemusikk, og her er den fyrste lista i advent:
 
har så klart byrja å lese julebøker, og eg likte kjempegodt The Book Club Hotel av Sarah Morgan 
lange skuggar i solskinet
"Top 20 Hauntingly Beautiful Songs in Musical" – mellom anna "I'll Cover You" frå Rent
tenne stearinlys i stova vår om kveldane
sola i andletet, det er ei bra greie!
denne The Comfort Book Club-episoden om boka All Creatures Great and Small av James Herriot
juletorget på Randaberg med koselege buer, mellom anna dei herlege bileta til Spesialdyr
frost på bakken
Bami og Dami, altså, dei er så utruleg søte og dei kan lyse opp ein kvar grå dag
sundagshygge med heimelaga scones
storkoser meg med serien om Bergman-brødrene, og Everything for You var kjempekjekk lesing!
ein bra kronikk om norsk skule og kvifor det bør vere meir praktisk undervisning
sjå Driving Miss Daisy i går kveld, for ein fin og lun film
draumen om ein luftballong, sett på ein vegg ved UiS 
tihi, "the apology dance" og denne teikneseriestripa frå Good Omens er begge to artige
ikkje ei julebok, men Levi Henriksens gjennombrotsroman var ei spennande bok 
kan ikkje anna enn å smile av å sjå denne lille grisen leve eit flott liv
adventsstake i vindauget og isroser på vindauget 
vinterstemning i Jonnas nyaste vlog
fange solstrålar, ordentleg kvardagsglede
stikke innom pop-up-butikken til Heddas gård på Alti Tasta – støtt lokalt og kjøp frå små bedriftar
småhumrar av denne julesongen om alle julekonsertane
ikkje berre julebøker, litt krim innimellom blir det også, her Enken av Helene Flood

Legg igjen ein fin tanke