6. des. 2023

Nysgjerrigper




Om det er sauar, gjæser, ein hund eller ein minihest, er det alltid litt ekstra koseleg å gå på tur når ein kan helse på ein finfin. Graset er kanskje ikkje grønt akkurat no sidan det ligg eit tynt lag med snø, men ein skal berre tilbake til førre veke for å finne dagar med grønt gras og brunt haustlauv. På ein av mine haustlege turar, kom denne skjønnasen bort og ville helse på meg. Altså, sjå på dei flotte fargane i andletet! Pusen var verkeleg nysgjerrig, og eg blei staånde ved den ei lita stund før eg etter kvart lausreiv meg og traska vidare. I går og i dag har eg jobba litt på Norli nede i sentrum. Dei treng hjelp no rett før jul, og eg tenkjer det uansett er ei erfaring å ha med seg. Og bøker blir ein jo aldri lei, tvert i mot: den der lesehaugen blir (som eg har nemnt fleire gongar før) berre større og større ;)

Legg igjen ein fin tanke