31. des. 2023

Nyttårsaftan heime i sofaen





Klagar ikkje på ein roleg nyttårsaftan, det skal eg ærleg innrømme. Det er kjempekoseleg å feire inngangen til det nye året i lag med andre, men etter ein travel desember med mykje jobb (fire laurdagar på rad!), kjenner eg at ein kveld med pysjbukse, gammal film og ein god middag i lag med mannen min, er akkurat det eg treng. Hadde min siste dag på Norli i går sidan dette var eit engasjement ut desember månad, og eg veit lite kva som skjer vidare. Eg vel å halde motet oppe sjølv om det så klart kjem kjipe dagar innimellom. Måndag og tysdag var dagar fylt med lesing, avslapping, middag og brettspel i lag med familien. Sidan har det gått i eitt på jobb med bytting av gåver, rydde bort ein del av julebøkene og prising av nye varer. Mesteparten av denne sundagen har gått med til lesing, men ein liten tur ut for å "lofta vedet" blei det tid til. Nyleg åt me kalkun til middag, no er det film på skjermen og ein god armkrok, rett og slett ei finfin nyttårsaftan etter min smak. Årets siste sundagsliste er lasta full av romjulsstemning og andre små gleder:
 
ullsokkeduoen slår til igjen – takk for det gamle og godt nytt år! 
glaspynten som heng i kjøkkenvindauget no når det er jul, framleis eit veldig fint bruktfunn
Zalo var veldig med no i jula
julepynta vindauge hos ein skomakar midt i byen
passar bra no på nyttårsaftan: ein liten video full av kule lysteikningar
setje meg ned og sjå fjorårets julespesial av All Creatures Great and Small
og ja, tårene fall og eg kjente at eg til neste år skal lese dei neste bøkene skrivne av James Herriot
koseleg å lese i fleire julebiletebøker
å ha nisselue på jobb ein av dagane
helse på ein miniatyrhest på vår lille sundagstur
å lese Christmas at Carly's Cupcake, nummer to i denne serien av Jessica Redland
veit eg har delt fleire liknande videosnuttar, men Bami og Dami er berre så innmari søte
alltid artig når Tore Renberg stikk innom Norli
julebok med hint av både musikk og kjærleik: A Concert for Christmas var herleg lesing 
brettspel, gode middagar og fine folk både måndag og tysdag
når me snakkar om julespesial: herleg å setje på denne Beat for beat-episoden ein kveld etter jobb
litt for melodramatisk for min del, men likevel kjekt å lese The Christmas Love Letters
morosam selfie på tur den aller siste dagen i 2023 
årets siste film: For Me and My Gal frå 1942 med Judy Garland og Gene Kelly
rørande å sjå Glen Hansard og fleire andre syngje "Fairytale of New York" i MacGowans gravferd
mi nye julekule og det vakraste juleheftet Juleroser
blåtime og vinterlys ved Sølvberget
Ingvild H. Rishøis Stargate er ein hjarteskjerande og varm julefortelling

Legg igjen ein fin tanke