I løpet av romjula, har eg fått lese fleire små julehistorier i tillegg til julebøker. Juleheftet Juleroser er like vakkert i år som i fjor (og åra før) med tekstar frå mellom anna Gaute Heivoll, Randi Fuglehaug og Helge Rode. Fleire nydeleg illustrasjonar er det også, og då eg skulle ta bilete av heftet, passa den nye Snøfall-julekula mi heilt ypperleg som eit lite lys i mørketida. Eg fekk nemleg ei slik julekule til jul, og det er ordentleg romjulshygge i å blåse på den og sjå den lyse opp heile rommet.
To norske klassikarar når ein tenkjer jul, er Snekker Andersen og Julenissen av Alf Prøysen, illustrert av Hans Normann Dahl, og så klart Reisen til julestjernen av Sverre Brandt. I sistnemne er det Oliver Neerland som har måla omslaget og bileta inni boka. Snekker Andersen og Julenissen er rett og slett ein akkurat passe søt og koseleg forteljing medan Reisen til julestjernen er noko meir skummel med den onde greven og heksa. Boka er litt annleis enn filmen, men det var no likevel litt artig å lese den i bokform, og tenk – det er nesten hundre år sidan den kom ut fyrste gong!
Canada og England har eg besøkt i dei to siste biletebøkene. Forfattar Kallie George har i lag med illustratør Geneviève Godbout laga ei herleg, lita forteljing om Anne Shirley. Eller "Anne with an E" som ho så ofte seier ;) Teksten er kanskje litt enkel, men eg berre elskar Godbouts illustrasjonar. Og så James Herriot. No har jo sesong fire av All Creatures Great and Small nyleg komme på NRK Nett-TV, og eg gleder meg til å etter kvart sjå den sesongen. The Christmas Day Kitten var ei ordentleg søt dyrehistorie i julehøgtida, og eg har heldigvis fleire Herriot bøker i bokhylla mi.
Legg igjen ein fin tanke