22. des. 2023

Ein "amerikansk" julekonsert 🎤


I fjor var det Bugge Wesseltofts It's Snowing on My Piano som blei årets julekonsert for vår del, i år blei det An American Holiday med Adam Douglas. To veldig forskjellige konsertar, men begge to har i alle fall gitt med julestemning. Rett og slett ein kjembera konsert i går, "Winter Song" er ein storvfavoritt (ja, det kom nokre tårer) og det var gøy å høyre Ida Jenshus og Adam Douglas syngje i lag. Og kongeblå kjole er alltid ein vinnar, eller kva?! ;) Sjølv om det har gått i iett på jobb i dag og eg skal jobbe halve morgondagen, er skuldrene eigentleg ganske senka. Ute på bakken ligg det eit bittelite lag med snø, her inne sit me og høyrer på julemusikk. Fredag og bittelille julaftan.

Legg igjen ein fin tanke