24. des. 2023

24. desember og ei sundagsliste




Sundagslista denne veka er skriven tidlegare i dag (faktisk medan eg sat og såg på Tre nøtter til Askepott), for i kveld er det julaftan. Den blir feira heima på Sola med nærmaste familie, utan mykje bruk av skjerm ;) Altså, dagane denne veka har verkeleg flydd av garde med travle dagar på jobb, fredag var det utruleg mange innom for å kjøpe dei siste julegåvene (hihi, alle dei som ikkje stakk innom torsdag på grunn av uvêret, stakk heller innom på fredag), julekonsert og pynting av treet i går ettermiddag. I dag starta me dagen roleg med fire tente lys, kvar vår bok og noko attåt kaffien. Me er heldige, eg veit det. Tankane går til dei som står midt i vonde dagar, ei vond tid. Ta vare på kvarandre, lag deg ein så mjuk høgtid som du kan med gjengen din. Dette var mi veke:
 
✦ Göran Tunströms Juleoratoriet er jo ein klassikar
✦ pakke inn dei siste gåvene medan eg såg Love Actually (for den filmen høyrer jula til)
✦ travle og kjekke dagar på jobb
✦ å, denne kattungen som helsar på ein liten kylling 
✦ Adam Douglas sin julekonsert var ei kjempekjekk oppleving
✦ og gøy å ha på meg ein kongeblå kjole på konserten
✦ "My Happy Place" frå Markéta Irglová, denne julesongen er som balsam for sjela
✦ gå forbi eit stor, nesten skummelt tre – i alle fall skummelt når det er mørkt og stormfullt ute
✦ koseleg å sjå Nissens postkasse midt i byen
✦ lese juleboka The Geek Who Saved Christmas
✦ Tore Renberg som kom Norli fleire timar på fredag for å signere Lungeflyteprøven 
✦ stor, lysande julekran på Stavanger storsenter, fint når morgonane er mørke
✦ likte godt denne versjonen av "Carol of the Bells" på strengeinstrumentet dulcimer
✦ kult at dei nemner terrellaen i Snøfall 2
✦ må le av kulaste Zalo: julekakesmaking, og krumkake var den alle beste!
✦ søt julepynt då me pynta treet på Sola i går kveld
✦ pus i farta då eg gjekk til jobb på tysdag
✦ veit eg deler mange liknande videoar, men hallo, Bami og Dami er dei aller, aller søtaste
✦ starte julaftan under dyna, drikke dagens andre kopp med kaffi, ei lita kransekakestong og bok
✦ siste bok i årets lesemål (å lese ei diktsamling kvar månad): Gave av Gro Dahle
✦ lite dryss av snø medan eg venta på bussen mo morgonen i går
✦ Christmas Wishes at the Chocolate Shop, for ei herleg julebok (den fyrste i Castle Street-serien)

Legg igjen ein fin tanke