5. nov. 2021

Kongeblå Collett Sweater 💙






For ein som elskar kongeblå, må denne genseren vere heilt perfekt! Endeleg er Collett Sweater ferdigstrikka, og då me var i arboreet for to veker sidan, blei det tid til ei lita fotostund. Gule haustblad mot det kongeblå, for ein herleg fargekombinasjon. Oppskrifta er frå Witre Design, og den følgjer mykje av stilen frå Collett Tee. Eg valde å strikke den i storleik S og etter kvart smalne den inn i midja sidan eg ikkje liker at ein slik genser blir for posete. Som med dei to T-skjortene eg strikka tidlegare i år, diggar eg detaljen over skuldera og den fine, halvhøge halsen.


Genseren er strikka i Rauma Finull og dobbeltråd Filcolana Tilia. Eg trudde det kom til å bli noko vanskeleg å heile vegen ha kontroll på tre trådar, men det gjekk overraskande greitt. Broremann tok også nokre bilete med sin mobil, og det blir alltid eit par bilete som ser rarare ut enn andre, tihi! Men det er jo nettopp det som er litt morosamt med slike fotostunder, eg synest det er litt festleg å leggje ved eit slikt bilete også. Ein god, varm, knallfin og kongeblå genser til vinteren. 💙

Legg igjen ein fin tanke