3. okt. 2022

Krøllebøllepassarar ei heil helg 🐶






Balto, verdas finaste krøllebølle, var på besøk hos oss både i går og på laurdag. Tanta mi var i området for å halde eit kurs og trong nokon til å passe Balto. På laurdag var det kanonbra vêr, og min betre halvdel og eg gjekk ein god runde i Sørmarka i lag med krøllebølle. I går var veldig av og på med regnet, så då me skulle gå tur på Gausel i lag med broremann, fekk Balto på seg regntøy sidan det såg mørkt ut. Som du kanskje ser, skein plutseleg sola gjennom trea og regntøyet var eigentleg ikkje naudsynt. Men, men – det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede. Triveleg å vere nokre timar i lag og bli betre kjent med denne leikne, artige og søte mellompuddelen!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Merete sa...

Så flott for både meg og Balto at dere tre kunne være sammen! 🥰🐾

Silje sa...

Berre kjekt å ha han her, og han er varmt velkommen tilbake! 😊🐶

Legg igjen ein fin tanke