26. okt. 2022

Får aldri nok av fargane om hausten!






Gule, små haustblad mot ein lyseblå himmel. Ein busk med både gule, grøne, oransje og raude blad. Trass dagane som blir mørkare og mørkare, er eg glad eg lever i ei verd der det finst oktober (siterer finaste Anne Shirley her, for Anne of Green Gables er ei av dei vakraste bøkene i mine auge).




Regndropar på eit blad, fargerike blomar og fleire tre med nydelege haustblad, alt dette i nabolaget vårt. Fargar som fangar blikket mitt og som lyser opp og løfter ein grå dag mange hakk.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Så fantastisk at du fortsatt har roser der du bor på denne tiden av året! Hilsen ny leser fra Østlandet

Silje sa...

Ikkje så mange blomar igjen no, men ser framleis nokre rundt om i nabolaget :) Takk for kjekk kommentar, Anna, helsing frå Vestlandet! :D

Legg igjen ein fin tanke