16. okt. 2022

Haustferie med fullt trøkk




Lenge sidan det har vore ei så travel veke som denne. Det er fyrst og fremst på jobben det har vore travelt: haustferie og dårleg vêr = mange som vil inn og utforske Vitenfabrikken. Har hatt relativt få planar om kveldane, og det var godt sidan eg trong å berre kvile hovudet og kroppen etter trøkk frå morgonen til utpå ettermiddagen. Men gøy var det på ein måte lell, å få oppleve kor populært det er for både små og store. Åt middag og prata lenge med to gode veninner på onsdagskveld, rett og slett kjempekoseleg. Luftetur i går då sola titta fram, elles har det vore ordentleg ruskevêr i helga, og eg har kost meg inne med bøker og strikketøy. Satsar på at veka som kjem blir rolegare, for at det var eit høgt tempo på jobb no i haustferien, det kan eg (som allereie nemnt) skrive under på. Og det var vel eigentleg det, er ikkje mykje nytt som har skjedd. Ei sundagsliste kjem som vanleg uansett:
 
fuglesong på veg til jobb
Christie har ikkje skrive nye noveller, likevel har eg kost meg med desse Marple-historiene
mykje strikke- og lesetid i helga
eit lite oktoberinnlegg inne hos Tea, books and Gilmore Girls
og eit finfint haustinnlegg inne hos Et katteliv
ete ein knallgod hjortemiddag no i kveld
kjekt å møte kjentfolk på jobb som eg ikkje har sett på lenge (dei var på haustferiebesøk) 
å, som eg liker den minionen som nokon har bygd på LEGO-veggen
tihi, måtte smile stort av denne videoen der eit ekorn plutseleg ser eit piggsvin
superkoseleg å ete middag, prate, le, strikke og drikke te med to gode veninner midt i veka
for ein soloppgang eg fekk oppleve onsdagsmorgon
sjølv om eg syntest boka Lucy var litt keisam, likte eg temaet
knallflotte smykke laga av fimoleire i alle moglege fargar
sjølv om det var travelt, var det også gøy å sjå kor mange som ville utforske Vitenfabrikken
haustblad på eit tre på veg frå til toget ein av dagane 
"Hold om hverandre" – Tore Renberg, altså, han kan det å setje ord på vanskelege tankar
kult med ein klinkekulevegg oppe ved dominobana
ha på meg ein stilig, rutete vest på jobb 
blir framleis like sjarmert over sjå Haru, den skjønnaste, lille pusen
haustfargane på Sandnes kirke midt i sentrum
byrje å sjå den siste Ringenes herre-filmen
og Billy Boyd som Pippin når han syng "The Edge of Night", eg får gåsehud kvar gong!

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Gode du ❤️ Tusen takk for at du deler! Og som vanlig, en kjempefin søndagsliste 🥰 Varm klem fra oss i nord.?

Ida sa...

Haha, der kom det med et spørsmålstegn 😆 Men det er ingen spørsmål med den klemmen 😉❤️

Silje sa...

Tihi! 😆 Kjem vel ei sundagsliste i kveld også, håper du og dine har hatt ei flott veke, varm klem rett tilbake ❤️

Legg igjen ein fin tanke