10. okt. 2022

Berømt båthus




Fullt trøkk på jobben i dag, det er veldig tydeleg at det er haustferie. Prøver å senke skuldrene med roleg musikk og eit lite tilbakeblikk på turen vår ut til Greenway House. Etter at me hadde vore på ei ordentleg oppdagingsferd inne i huset, gjekk me ein liten runde rundt det ute. Såg ein knallstor rhododendron rett ved den eine husveggen, og det var litt av eit syn! Me ville sjå endå meir av området og byrja å traske ned mot båthuset. Bratt var det med gamle murar og grøne vekstar.




Båthuset som ligg på eigedommen var som nemnt ein del av inspirasjonskjelda då Christie skreiv Poirot-romanen Dead Man's Folly. TV-episoden frå 2013 med David Suchet i hovudrolla blei også spelt inn her, og det var kult å sitje i stolen som Agatha sjølv pleide å bruke. Måtte smile litt då eg såg skiltet på den eine veggen på båthuset: "Notice: All persons found landing on this quay, or trespassing in the woods, will be prosecuted. By order.". Inga kjære mor der i garden!




Før me tok fatt på heimturen tilbake til Paignton, sette me av tid til ein lesepause i skuggen ved batteriet som låg ikkje langt unna båthuset. Møtte ein søt raudstupe på vår veg og måtte også sjå litt på båtane som segla på elva. Koseleg å berre sitje der i fred og ro med kvar vår bok, la alle inntrykka synke inn, ta oss ein pust i bakken. Å vere ved Greenway ein heil dag kjem eg til å hugse lenge.

Legg igjen ein fin tanke