8. okt. 2022

Herskapeleg oppleving




Stemma til Agatha Christie frå ein gammal radio – det var som om ho var der i rommet! Mange av bøkene hennar i all slags utgåver og fargar, og det var stilig å sjå originalmanuset frå ein Poirot-episode, nemleg Dead Man's Folly. Mesteparten av episoden blei spelt inn ved Greenway House og båthuset i nærleiken, for Christie brukte området som inspirasjon då ho skreiv boka som kom ut i 1956. Apropos skriving: sjå det stilige blekkhuset og brevkniven i eit grønt marmormønster.


Rundt kvar ein sving, eller kanskje betre sagt i kvart eit rom, var det ting å sjå, detaljar å oppdage, historier å bli fascinert av (til dømes: eg la fyrst merke til i dag at ein av konvoluttane var blitt sendt frå Noreg, ein kan sjå det på frimerket på biletet i førre bloggpost). Soverom med gamle bilete på nattbordet, ein eksotisk kommode og gamle broderikort i fine rammer, litt av eit handverk. Eg hadde tatt med meg boka Den forsvunne domprost for å kunne ta bilete av den på Greenway (juliboka i leseutfordringa #readchristie2022), og det var artig å finne boka på engelsk, At Bertram's Hotel, slik at eg fatt tatt eit lite bilete av den norske utgåva i lag med den engelske. Fleire av Christies kjolar stod framme i eit klesskap, ikkje heilt min stil, men likevel må eg seie at det var flotte klede.




Historiske maleri på eit tapet, fann med andre ord noko ved å titte opp også. Stove med ein stor peis, såg ein haug med spaserstokkar ute i gangen og inne i spisestova var bordet dekka som om middagsgjestane skulle komme kvar augneblink. Tihi, i mine auge kunne Greenway House ha passa rett inn i TV-programmet Herskapelig. For det er verkeleg eit flott hus og ein unik eigedom!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Wow, så flott det så ut der! Artig å besøke slike steder :)

Silje sa...

Og så er jo eg over gjennomsnittet Christie-fan, så dette var verkeleg ei kjempeoppleving! :D

Legg igjen ein fin tanke