2. okt. 2022

Det siste av september og det fyrste av oktober





Personalsamling med heile Jærmuseet, soloppgangar, mykje rydding på jobb kvar dag sidan det har vore mange barnehagar innom, kjekke bøker, krøllebøllepassar ei heil helg, godt og blanda altså. Nesten som om eg kvar veke sliter med å oppsummere dei siste sju dagane, for det skjer noko nytt kvar einaste dag. Men sjølv om timane fyk av garde på jobb, kjem eg som oftast heim halv fem og har dimed heile kvelden til å lese eller berre høyre på roleg musikk. Joda, eg merkar at det byrjar å bli mørkare om morgonane og at det er litt tyngre å stå opp, men eg kjenner at eg likevel har hakket meir energi med ein meir stabil døgnrytme. Det kjekkaste denne veka, var å passe hunden til tanta mi heile helga – søte og fine Balto – du er hjarteleg velkommen tilbake! Mykje anna er det også:
 
spennande bok frå Clare Mackintosh, kaffi og noko søtt attåt
ei kjempegod veninne som var innom kaféen på jobb, superkoseleg med prat over ein kaffi 
Haru, den bittelille pusen, sjarmerer oss i senk
prate om strikking og musikalar med ein kollega på jobb
vegetartaco og fyrste halvdel av Ringenes herre: To tårn
diggar Olivia Colman, og dette tabbeklippet frå Heartstopper er berre så herleg
at ein frå administrasjonen på Jærmuseet hadde med seg ein søt kvalp på personalsamlinga
laurdags- og sundagstur med krøllebølle
sky på sky på sky (eller: sett i kaleidoskopet på Abelloftet på jobb)
endå såpass med lys om morgonane at eg kan lese på togstasjonen
Trekronå, ser ordentleg kult ut å bu her ei natt
skuggespel på eit fargerikt teppe på jobb og ein glasvegg full av klinkekuler
likte godt den skeive YA-boka Ophelia After All
knallblå hortensia utanfor den nye bustaden til broremann 
ostekake med pasjonsfrukt, denne kaka må eg prøve å lage ein gong 
ete ute på restaurant før orkesterøvinga, finfin kvardagsdate
besøke Garborgheimen (og sjå bestefarsklokka) då me var på personalsamling på måndag
raude haustblad på bakken
intervju med Maud Angelica Behn om psykisk helse og det å vere seg sjølv 
brukskunstutstilling og utsal på Frida Hansens hus no i helga, flotte gåver og bra handverk
kose meg den fyrste episoden av ein ny sesong med Eventyrlig oppussing, jaggu meg frå Jæren
alle dei nydelege soloppgangane eg har fått oppleve desse morgonane

Legg igjen ein fin tanke