5. okt. 2022

"And suddenly I'm flying, flying like a bird, like electricity..."🎵

Det heile starta med filmen som eg såg ein 17. mai for mange år sidan i lag med mamma. Sidan har eg sett filmen fleire gongar, sett musikalen med musikk av Elton John både i Oslo og i Sandnes, sett musikalen på film og no sist lese boka. At gutar kan danse ballett og vise kjensler trass eit press om å "vere mann", så sårvakkert å sjå dette mangfaldet, midt oppi den britiske gruvestreiken på åttitalet. Viss det ikkje kom klart fram av biletet, snakkar eg altså om Billy Elliot. I filmen frå 2000 er det fleire scener som verkeleg sit igjen: starten med songteksten "I was dancing when I was twelve...", kryssklippinga mellom dansetimar og streikeprotestar og ei nydeleg steppescene ute i bakgarden og på taket der Billy får ut raseri og frustrasjon. Tårene renn når Billy dansar foran faren sin inne i gymsalen og når faren bryt streikinga og går tilbake i jobb – desperasjonen som Billys bror då viser, som til slutt ender me at begge held om kvarandre og gret, den eine streikebrytar, den andre framleis i streik. Både filmen, boka og musikalen løftar fram det å vere seg sjølv (særskilt Billy og bestekompisen hans Michael), så mange nyansar av sorg og kor viktige familie og eit lokalsamfunn er. Slutten er aller best i filmen, men alle har med svaret Billy gir når dei på auditionen spør om kva han kjenner når han dansar: "And suddenly I'm flying, flying like a bird, like electricity...". Songane frå musikalen høyrer eg på både titt og ofte, dette er ein film, ei bok ein musikal, rettare sagt ei historie, som får fram tårene mine, som får fram smilet og som gjer meg varm om hjartet.

Legg igjen ein fin tanke