28. okt. 2022

Tre nydelege bokutgåver




I Hay-on-Wye fann eg to bøker. Eg kunne garantert ha plukka med meg endå fleire, men så god plass hadde me ikkje i bagasjen. Begge bøkene hadde eg lese før, likevel: den eine mangla eg i samlinga mi, den andre var ei utgåve eg har sett på nettet til ein dyr penge som i Hay-on-Wye ikkje var fullt så dyr. 84, Charing Cross Road av Helene Hanff er ein klassikar for alle bokelskarar, og i Richard Booth's Bookshop fann eg den perfekte utgåva av boka. Stilig omslag og oppfølgjaren The Duchess of Bloomsbury Street er også med. Og så til ei av dei aller finaste bøkene: Anne of Green Gables av L. M. Montgomery. Folio Society gav ut ei nydeleg samleutgåve i 2004 av nettopp denne boka og då eg såg den i bokhandelen The Addyman Annexe, visste eg med ein gong at denne måtte bli med meg heim! Kjøpte også eit fint bokmerke, og eg fann eit i same stil frå Greenway House. Little Lord Fauntleroy av Frances Hodgson Burnett (ho skreiv også The Secret Garden og A Little Princess) fann eg i ein bruktbutikk i Kendal, og heldigvis var det litt plass i kofferten. Eg veit ikkje kor gammal denne utgåva er, for det står ingen plass i boka, men frå andre på nettet med veldig lik forside, kan boka vere frå slutten av 1800-talet og inn på 1910-talet. I motsetnad til dei to andre eg kjøpte, har eg ikkje lese denne boka, og det er ein klassikar eg ser fram til å lese.

Legg igjen ein fin tanke