9. okt. 2022

Metabok, kaffi (som vanleg) og litt hauststemning




Kaffi og bok, kaffi på jobb, kaffi medan eg strikkar, vel er det haust og tetid, men det er likevel alltid tid for kaffi. På austlandet har det vore haustferie, og det har dimed vore litt fleire folk innom på dagtid på Vitenfabrikken enn vanleg. Veka som startar i morgon er haustferien i gong her hos oss, og med det dårlege vêret som er meldt, antar eg at det kjem til å komme mange folk og at dagane kjem til å bli travle. Blir spennande å sjå. Haustleg ute fleire av dagane med mykje regn samstundes som alle dei der haustfargane lyser opp fleire plassar der eg går. Gode varer frå REKO-ringen, lesing på togstasjonen, på toget og heime om kvelande og ei relativt roleg helg, resten kjem i punkta under:
 
blir aldri lei av å lese bøker om bøker og om andre bokelskarar: Ex Libris av Anne Fadiman
"1812-overturen" i siste episode av Agatha Christies Why Didn't They Ask Evans?
og stilig med Hugh Laurie i den same serien (som også regisserte denne miniserien frå 2022)
for ein nydeleg versjon av "The Lark Ascending"
REKO-ringen og eit IKEA-besøk med broremann i same slengen
ete ute på ein restaurant i Sandnes før orkesterøvng tysdagskveld
ei veninne som kom på lunsjbesøk sidan mannen hennar skulle ha eit foredrag på Vitenfabrikken
hallo, desse små dyra for meg verkeleg til å smile
lese boka og sjå filmen og musikalen om Billy Elliot
kjekk øving med orkesteret, kom og høyr oss 29. oktober i Sandnes kulturhus!
veldig bra kronikk om det å vere norsk-russar slik situasjonen er no
syntest det var litt løye at Sandnes bibliotek hadde "kvinner-med-ryggen-til-på-forsida"-utstilling
laurdagspizza og del to av Ringenes herre: To tårn
sukk, alle dei fine fargane på blada på trea no for tida
kaffi, eit teppe og strikketøy – ei roleg start på helga
Synne har gifta seg, og her deler ho litt frå den store dagen
sundagsmiddag og kortspel heime på Sola
Zalo som ville vere med på å ta oppvasken, i alle fall då pappa stod på kjøkkenet
vekas mosaikksymmetri på jobb
Finland er eit anna land eg godt kunne ha tenkt meg å besøke med tog
regndropar på eit haustblad
strikkekopp, vinylkutta motiv på nøkkelkortet mitt og den kulaste hekla boknøkkelringen
sennepsgul strømpebukse, kul bruktkjole frå Canada og gult haustlauv på bakken

Legg igjen ein fin tanke