7. okt. 2022

Greenway House




Hoppande glad foran eit stort og majestetisk hus! For det å besøke og utforske Greenway House, ferieheimen til sjølvaste Agatha Christie, har vore ein draum lenge, og det var kjempestas å endeleg få vere der ein julisundag (ha, ha, eg må få fortgang på bileta frå ferien, har så mykje eg vil vise dykk). Christie kjøpte bustaden i 1938, og ho og mannen hennar budde der til ho gjekk bort i 1976. Dottera til Christie budde der etterpå, og sidan byrjinga av 2000-talet er det National Trust som står for drifing og vedlikehald av huset. Huset er praktfullt og området ligg nydeleg til rett ved elva Dart i Devon. Gamle bilete og ei stove frå ei anna tid var noko av det fyrste som møtte oss vel inne i huset.






Stilig med ein gammal og original Aga på kjøkkenet, og koseleg med gamle porselenskrukker og rutete duk som ein del av interiøret. Det aller meste er møblar, klede, bøker, interiør og andre gjenstandar som Christie og familien hennar samla opp gjennom åra. Ein fin kortstokk og ein liten rulett var ein del av inventaret i stova, og så måtte me smile stort av det gamle vassklosettet der nokon har lagt ein artig propp oppi ;) Og ikkje minst alt det gamle toalettpapiret i same hylle som brune, gamle bøker. Tenk om me alle hadde det slik: boklesing på do må jo vere tingen!


I fleire av romma kunne ein opne skuffer der det låg brev og gamle bøker og andre plassar fekk ein sjå inn i små glasskap med gammalt kaffiservise der riddarordenen hennar låg. Historia er at ho ikkje ønska å ha den på utstilling i eit eige glasmonter og dimed blei det liggande litt slik mellom noko heilt anna (ho var nemleg DBE – Dame Commander of the most Excellent Order of the British Empire). På eit av breva stod der "the greatest English detective writer", ordentleg kult! Referanse til The Mousetrap fann eg også. Meir kjem, men no er det kveld og helg her i heimen.

Legg igjen ein fin tanke