5. juli 2021

Eikebergturen





Skiftande vêr i dag, akkurat slik ein vestlandsk sommar pleier å vere. Men me hadde opphald då me gjekk ein tur på laurdag. Denne gongen var det Eikebergturen som stod på planen, og verken broremann, mannen min eller eg hadde gått noko særskilt i den delen av byen. Regndropar så klare som dagen og fleire flotte stiar i skogsområde gjorde turen veldig bra sjølv om det ikkje var sol.







Turen blei endå betre då me gjekk forbi Gausel fritidsgård. Den kulaste geita i byen, "umph, du store alpakka", ein majestetisk påfugl og ein herleg gris. For eit koseleg møte med desse dyra!





Grøftekansbukettar overalt. I alle moglege fargar. Hi, hi, dei to gutta måtte vente på meg fleire gongar fordi eg skulle stoppe og knipse eit bilete eller fem av alle dei vakre blomane ;) Kjekt å traske langs nye vegar i godt selskap, Stavanger er ein by eg berre blir meir og meir glad i. 

Legg igjen ein fin tanke