22. sep. 2021

For alle bibliofilar 📚📚






Fjærland og alle bøkene. Den norske bokbyen med bokbutikkar, antikvariat og små utsal langs fjorden. Me var der for fem år sidan, og eg kjente at det i år var på tide å ta ein ny tur innom. Bokbyen blei offisielt opna i 1996, med andre ord er den heile tjuefem år i år. Etter å ha ete ein stor is i Balestrand, køyrde me i finvêret langs ein arm av Sognefjorden. Å, Fangirl av Rainbow Rowell er ei så søt bok. Og så ei av bøkene bak TV-seriane All Creatures Great and Small. Blir aldri lei av bøkene til Agatha Christie, men eg har dei aller fleste ståande i bokhylla her heime, så det blei med å berre beundre dei littegrann. Å, tenk å bu nært eit slikt bokparadis, eit besøk kvar veke!

 








Gode barndomsminne då eg fann hyller fulle av Frøken Detektiv-bøker og ikkje minst Stompa-bøkene. Sistnemnde serie har eg både lese, høyrd som høyrespel og sett som filmar. Ha, ha, eg kan enno høyre for meg Gisle Straume som lektor Tørrdal: "Umpf, du store alpakka!". Og så må eg le litt meir, for det er jaggu meg forskjellig lesestil på oss to ;) Okei, noko overdrive, men likevel. Gamle gardiner og gamle bøker – som hand i hanske. Viss du som meg er glad i bøker, veit du kva eg snakkar om når eg seier lukta av gamle bøker, det å opne ei ny bok, kjensla av å kunne utforske nye verder. Ein liten måsunge på parkeringa var eit søtt syn, og ei stilig, trekanta bokhylle fanga også blikket mitt. Trur det blei med oss tre eller fire bøker vidare på ferda, eg får vise dei seinare. Før me drog frå Fjærland, berre måtte eg gjere meg til litt inne i den raude telefonbokkiosken. 

Legg igjen ein fin tanke