16. sep. 2021

Gløtt av ei ny årstid





Kan ikkje akkurat påstå at eg synest det er gøy å kjenne at lufta blir kaldare, morgonane mørkare og kvelden likeså. Sat ute på balkongen i sola i går med ei bok i fanget, og sola varma godt. Satsar på å få eit par slike dagar til, for eg er ikkje haustklar heilt enno. Men om ikkje anna gleder eg meg over haustens fargar som så smått har byrja å poppe opp ute. Sjølv om eg ikkje klarte å ta bilete av dei, var det gøy å sjå så mange søte ekorn då me gjekk ein liten tur i Sørmarka på sundag. Fargane derimot, dei blei med meg heim på minnekortet. Raudt, gult, brunt og framleis noko grønt.

Legg igjen ein fin tanke