15. sep. 2021

Nydeleg rasteplass og til slutt Suleskarvegen



Rasteplassen på Honnevje i Valle, like nydeleg i år som i fjor. Trong me eigentleg den rasten i år sidan me nyleg hadde stoppa for ete lunsj ved Vest-Telemark museum? Nei, kanskje ikkje, men det er alltid godt å strekke på føtene, og denne raste- og badeplassen er den perfekte staden å gjere det på. Blikkstille vatn og rennande vatn om kvarandre. Fjell på alle kantar, ein liten pust i bakken.

 




I staden for å køyre kystvegen gjennom Kr.sand, køyrde me over fjellet på Suleskarvegen. Mykje kjekkare å køyre når ein har grøne sletter rundt seg, krokete vegar, snille sauar og små vatn. Klarer du forresten å sjå hytta på det eine biletet? Den er nesten heilt kamuflert i grøne fargar som går i eitt med omgjevnadane. Alt det fine, rare og kule ein kan sjå når ein køyrer langs norsk natur.

Legg igjen ein fin tanke