Fargar på ein fredag. Tungt med endå strengare restriksjonar her på Nord-Jæren, og då er det litt ekstra fint å kunne titte på desse kule og fargesterke greiene som nyleg kom i posten. Eg kom over kontoen @fargerikhekling på Instagram og fann ut at ho sel små ting som har hekla på denne Eplabutikken. Å, bestemorsruteøyredobbane er stilige og dei raude julestjernene blir perfekte som juletrepynt. Langhelg ventar og det er meldt godvêr – eg trur det blir ei helg etter min smak!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så koselig med heklede ting ;) Og du som bruker å si at jeg er så flink å støtte de selvstendige små, er nå bra flink du også ♥ Skjønner godt at det er tungt med ytterligere restriksjoner. Jeg kjenner jeg er sliten jeg også. Men tenk når alle er vaksinert og ting sakte men sikkert kan bevege seg mot litt mer "normale" tilstander. Vi har mye å glede oss til;) Vi må bare smøre oss med tålmodighet en stund til. Goklem
Tihi, eg prøver no å støtte dei eg kan når eg ser at dette kan eg få bruk for eller at det kan bli fine gåver til andre :D Dagane går litt opp og ned, det er ikkje like enkelt å halde motet oppe heile vegen, men så klart skal me (må me) halde ut litt til.
Legg igjen ein fin tanke