
I sommar blei eig utfordra av mannen min til å lese ei fantasybok av sjølvaste Terry Pratchett. Tidlegare har eg berre lese Good Omens som han skreiv saman med Neil Gaiman. Eg tok i mot utfordringa, og eg innrømmer at eg koste meg med å lese om Besta Værvoks og Eskarina. Å lære meir om Skiveverdenen (Disc World) som eg mange gongar har høyrt om og som eg har skjønt er ei stor greie for mange som liker fantasy. Boka De åtte fjellene av Paolo Cognetti er verkeleg ei av dei beste bøkene eg har lese i år, alle naturskildringa og venskapet mellom dei to hovudpersonane. Boken med glemte navn av Kristin Harmel og One Last Stop av Casey McQuiston er to andre bøker eg nyleg har lese som kjem høgt på lista over gode bøker lesne i 2021. Kjekke og gode bøker, altså!

Legg igjen ein fin tanke