14. sep. 2021

Museumslunsj på veg heim







Det som berre skulle vere ein liten rast for å ete ein tidleg middag, blei til ein dryg times pause med super lunsjbuffé og historiske bygg. Siste dagen på bilferie, køyrde me heilt frå Langhus til Stavanger, og tanken var å ikkje stoppe lenge sidan etappen var lang. Men så kom me over Vest-Telemark museum i Eidsborg, og ikkje berre var maten verd prisen, eg skulle faktisk ønskje me hadde litt betre tid til å utforske dette museet, teste miniaturutgåva av Telemarkskanalen og lære meir om dei gamle bygga, til dømes Eidsborg stavkyrkje. Legg turen hit om du kan.

Legg igjen ein fin tanke