12. sep. 2021

Smått haust







Hovudet har ikkje hange heilt med dei siste dagane – det har gått i eitt sidan konfirmasjonen: fem tidlege morgonar, orkesterøving, vaksinedose nummer to, nye vikarar på jobb og det eine med det andre. Eg har prøvd å slappe av no i helga, men det tar tid å lande, og på onsdag er det på'an igjen med åtte dagar på jobb i strekk. Å drive god kundeservice i desse dagar er ikkje enkelt, særskilt ikkje når me framleis held på med det same bookingsystemet som i eit drygt år ikkje har fungert optimalt, eit system som berre var meint å vere mellombels. Prøver å halde motet oppe, i alle fall no når fleire og fleire er fullvaksinerte, på eit eller anna vis går det framover. Å kunne sjå gleda i alt det små og kvardagslege, det trur eg er viktig og det er mykje difor eg lagar desse sundagslistene:

✦ kaffi, stearinlys og månadens Christie-bok
✦ ta andre vaksinedose og heldigvis ikkje bli så altfor dårleg
✦ ein grøftekantsbukett som blei ein ordentleg augustbukett
✦ strikkepinnebeskyttarar med pandafigurar, ny saks med Mummi-motiv og Collett Sweater
✦ laurdagsmorgon i pysjbuksa, ei bok i fanget, kaffi og risbrød attåt
✦ tøft og stilig å følgje Synnes veg med symaskinen
✦ orkesterøving tysdagskveld
✦ setje av tid no i helga til å øve på orkesternotane i lag med mannen min 
✦ svømme 500 meter roleg sidan eg nyleg hadde tatt vaksina og var litt slapp
✦ 9 ting høgsensitive personar gjer annleis
✦ litt søt og artig krimbok for barn og ungdom
✦ finaste "Anthem" i to forskjellige versjonar: her med Didrik og her med Knut Marius
✦ kunde som på telefon takka og meinte at eg var den nyttigaste personen han prata med den dagen
✦ og ein annan kunde som med ein SMS takka for god kundeservice 
✦ Bentine som har noko viktig ho ønskjer å seie om valet og utdanning
✦ berre til å glede seg til neste år når musikalen Matilda blir sett opp på Folketeateret
✦ golden retriever som på sitt venlege vis blir besteven med ein liten katt
✦ byrjar å bli haust ute, det såg me tydeleg då me gjekk ein liten tur i Sørmarka i dag
✦ altfor raske til å ta kunne bilete av dei, men kjempekjekt å sjå fleire ekorn på vår lille sundagstur
✦ flott konsert på Hovedscenen på NRK2 i kveld

Legg igjen ein fin tanke